Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinfo

Rauma videregående skole Ringgata 35, Åndalsnes
Postboks 173, N-6301 ÅNDALSNES
E-post til skolen
Telefon: 47662200
Fax: 71225370
banner

/ Forsiden / Nyheter / 1ST på ekskursjon til Brøstdalen.

Studietilbud uten BA

1ST på ekskursjon til Brøstdalen.

Tirsdag 3. juni reiste heile 1ST med buss mot Brøstdalen for å sjå på og lære om naturen og geologiske fenomen rundt oss.

Vi køyrde inn til Sjugurgarden i Brøstdalen og gjekk det siste stykket inn til Furuholen. Der slo vi leir, før vi samla oss og høyrde på Thomas Rødstøl frå Statens Naturoppsyn (SNO). Han fortalde om Reinheimen nasjonalpark, villreinen og kva SNO arbeider med. Seinare delte vi oss i grupper og gjekk naturstig, arrangert av faglærarane, med spørsmål frå naturfag og føredraget om Reinheimen. Resten av kvelden var prega av grilling og kos.

Morgonen etter vart vi henta att med buss klokka 10.00. Nils Hole guida oss ned gjennom Brøstdalen. Vi tok ein tur innom golfbana på Bjorli og såg på elvefenomen som kroksjø, meandersving osv. På turen attende mot fjordane stoppa vi på Brøstsaga og fekk omvisning. Der åt vi lunsjen vår, før vi tok turen nedover Romsdalen. Grunna knapp tid vart turen litt amputert, men vi stoppa på Skiri og såg på Fantehella. Nils var i sitt ess og fortalde om ymse geologiske fenomen i Romsdalen. Vi var framme att ved Rauma videregående skole kring klokka 14.00, solbrende og fornøgde.

Skrevet av: Elise Espelund Kjønsletten

Bilder fra VG1 sin tur til Brøstdalen