OD går ut på at elevar i Noreg arbeider ein dag for å tene pengar til utdannings-prosjekt i andre land. OD-dagen i år er 26. oktober.
Pengane elevane tener på OD-dagen, går i år til utdanningsprosjekt i Honduras, Nicaragua og Guatemala, som alle ligg i Mellom-Amerika. Temaet i år er global oppvarming og klimaendringar; at ungdom i Mellom-Amerika skal få sjansen til å ruste seg mot dei komande endringane i klimaet, gjennom utdanning og førebuing.
Elevrådet hadde laga eit program tettpakka med aktivitetar. Elevane skulle lære om kva OD er, klimaendringar, litt om årets prosjekt i Mellom-Amerika og om den mellom-amerikanske kulturen.
Elevane skulle mellom anna setja seg inn i korleis det er å vera u-land og prøve å konkurrere med rike land som Noreg og USA.
Representantar frå OD-komiteen heldt foredrag om årets prosjekt, og ei 16 år gamal jente frå Guatemala fortalde om livet sitt og kvardagen for ungdom i Guatemala. I kantina vart det servert mellom-amerikansk mat.
Dette var ein lærerik dag, som vil bli gjenteken i samband med OD neste år.


