/ Forsiden / Studietilbud / Helse- og sosialfag
Helse- og sosialfaga handler om fysiske, psykiske og sosiale behov hos mennesket. For å fremje helse både for den enkelte og for samfunnet skal helse- og sosialfaga gi kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdommar og arbeidsmiljøet. Eit viktig føremål med opplæringa skal vere å medverke til fleirkulturell forståing på oppvekst-, helse- og sosialfeltet.
Helse- og sosialfaga skal gjere elevane skikka til å yte god service og ta medansvar for arbeidsmiljøet. Opplæringa i felles programfag skal utvikle kunnskapane og ferdigheitene til elevane innanfor kommunikasjon og samhandling, og gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar. Eit føremål med felles programfag er òg å medverke til yrkesforståing og yrkesstoltheit, gjennom bevisstgjering av eigne haldningar og ferdigheiter. Denne kompetansen vil kunne bli overført til andre livssituasjonar, og vil vere eit godt grunnlag for livslang læring.
Heilskapen i dei felles programfaga skal gi elevane ei plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståig. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og knyte teori og praksis saman.
Rauma videregående skole har følgende tilbud innen programområdet Helse- og sosialfag:


